Mr. BMW er endeleg blitt min. Frå og med i morgon blir det oss to!!
25 november 2009
15 november 2009
Kristian 22 år
Gratulerer så mykje med 22 års dagen i dag, søte broren vår! Vi gler oss til å sjå deg i helga, sjølv berre for nokre timar. Håper og trur du har feira i Bergen.
Eg var på humorgalla på Parken i går med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Jon Almås. Veldig bra sett at dette var eit show!
No er eg trøtt og enda litt trøttare. God natt!
12 november 2009
Bursdag og truloving
Hipp Hipp hurra for Kjersti og Harald som har trulova seg i dag. Kjærleiken er størst og kjem dermed først i dagens bloggpost. Eg har leita i villelse etter eit bilete av dei to, men i arkivet mitt frå 2009 er dei ikkje å finne. Kva tyder det på? Vi danser for lite swing, Harald!
Hipp hurra for meg som er 27 år i dag. Tusen tusen takk for alle helsingar, telefonar og sms. Eg legg meg langflat og er audmjuk, rørt, glad og smilande over alle som hugser på meg. TAKK! Bursdag er heilt fantatisk faktisk!
No skal eg heim på Alnes for å feire med mine kjære. Deretter er det handballtrening, for i helga er det ny kamp mot Spjelkavik 2.
11 november 2009
Alesund musikkvideo
I kampen mellom Ålesund-Vålerenga vart vi fanga av kameralinsa nokre gangar, og derfor er vi med i den nye musikkvideoen til Ålesund: Cupfinalen 2009. Artig!
For ei helg!!
Sist helg var den første frihelga eg har hatt på leeeenge utan jobb, handball og arrangement. Det var deilig å vakne opp til sol og deilig haust. Linn og Vilde kom på føremiddagen, og vi tok ei runde i byen før vi gjekk til Invit, min favoritt av alle favorittar her i Ålesund. Der møtte vi Laura, Ragnhild og mormor Inger til lunsj. Stas å få helse på den vesle prinsessa som alt har blitt to månadar gamal, og slett ikkje ei lita nyfødd tulle lenger. Koselig!!!
Laura har kosestund med mormor Inger på Invit

Smilet var stort når ho oppdaga mamma Ragnhild

"Tante" Marthe fekk også låne....

Nydelige jentene. Gler meg til Børsabesøk i nærmaste framtid!
Skulle ønske vi fekk mykje meir tid saman denne veka med trilletur og fjelltur i sola.
På søndag inviterte Linn og Stein-Arne til cupfest med middag og kaffi. Kunne ikkje vore betre når eg ikkje var på Ullevåll. Vilde var i storslag og søsa saman med tante. Gratulerer med farsdagen på søndag alle fedre. Min eigen papps feira med halve Ålesund i Oslo - bra!

"Heia Ålesund!!!"

- Å nei, dette vart for spennande, synest Vilde og herma etter tante...

Kva er det tante har på mobilen??
På kvelden var eg på St.Olavsplass saman med over 10000 andre feststemde Ålesundarar. Klart vi måtte ta i mot heltane med dunder og brak. Ein fantastisk spennande kamp, og ekstra godt når det var Molde vi seira over. Kva er det med Ålesund og Molde? Rivalaoppgjer - nett som med Godøy og Valder...Det er meir enn ein fortballkamp. Eg filma ein kort snutt med mobilen som kanskje gir eit inntrykk av stemninga:
06 november 2009
04 november 2009
Frå Michael til meg - love it!
Eg fekk Michael Bublè til å skrive ein sang til meg på bestilling, og resultatet vart slåande! Mange spør og enda fleire lurer, og her er svaret:
"I Guess It's Half Timing
And The Other Half's Luck
Wherever You Are
Whenever It's Right
You Come Out Of Nowhere And Into My Life "
Kvardagen og kjærleiken er spennande, folkens. Kanskje ein typisk låt, men eg digger den og syng medan eg bakar sesamrundstykker, "I just haven`t met you yet"! Kanskje enda meir typisk for ei singel damejente på snart 27 som er meir energisk og livsglad enn nokon sinne, haha til meg sjølv!
Abonner på:
Innlegg (Atom)


